I UHØRT har det alltid vore ein regel om at den som vil får syngje solo. Nokre sesongar er det mange som vil gjer dette. Andre gongar er det vanskeleg å få nok til å ville ta på seg denne oppgåva. Derfor brukar vi øvingane til å øve på å syngje for kvarandre.
Hallelujah er ein song som dei fleste kan og som vi har brukt mykje til å øve å syngje solo. Det har vore vikar for vikar for vikar for vikaren osv. Det var kjekt å ha denne versjonen på akkurat denne konserten.
SÅ vil vi minne alle om at vi også har spelt inn denne på cd!
No er det sjølvsagt ikkje heilt vanleg med cd spelar i heimane eller i bilane, MEN fortvil ikkje. Du finn denne og fleire songar på Spotify (følg linken her) og andre strømmetjenester.

Om du vil høyre songen i konsertutgåve fra 29.12.2022 så finn du den her: Hallelujah









