MI TID I UHØRT

av Kristine F. Roald

Eg var med i oppstartsfasen av UHØRT, og vokalgruppa har betydd mykje for mi personlege utvikling. Det å synge solo framfor eit publikum på 300 personar er vel noko mange ville kategorisere som eit mareritt?

Vi lev i ei tid der det er om å gjere å ikkje stikke seg ut, og det ein gjer skal helst vere over middels likbart. Det tenkte eg også. Mykje av gleda ligg vel helst i ein plettfri prestasjon?

Dagen for soloopptreden kom, og eg hugsar det var ein duett med UHØRT-medlem Dyon. Songen var «Dream Lover» av Bobby Darin. Det var eit parti der eg bomma på ein tone, og det var ganske så surt! Men i neste parti fekk eg til perfekt tostemt med Dyon, og det var faktisk ikkje så verst!
I publikum satt foreldre, mormor og ein onkel.
Kva tenkte dei?

Erfaringa frå UHØRT har eg teke med meg vidare inn i vaksenlivet. Å halde ein ok presentasjon har mykje til felles med å vere solosongar. Å arbeide i eit prosjektteam med ulike menneske med ulike ferdigheiter har også mange fellestrekk med å vere utøvar i ei vokalgruppe.
Ein vellukka konsert eller eit godt gjennomført prosjekt handlar ikkje om éin sur tone, eller om spørsmålet ein ikkje kunne svare på avslutningsvis.
«Totalen er større enn summen av kvar einskild komponent» – og det får ein sanneleg kjenne på i UHØRT!
Eg liker at gruppa representerer samtidsmusikk og mangfald på same tid som den er politisk og religiøst uavhengig.
Den viktigaste lærdomen er likevel at det kan vere fint å stikke seg fram av og til, og ikkje alltid ta seg sjølv så høgtidleg – kva er trass alt det verste som kan skje?
Og kva så?

Legg igjen en kommentar